Język
Pomoc
© TicketCo AS 2024.
Warunki prawne dla kupujących bilety
Warunki prawne dla organizatorów.
Askeladden slepp sitt første album på 10 år – Sleppfest på Madam Felle!
👉 Husk å bestille bord for best opplevelse
Askeladden, det vestlandsbaserte bandet som har turnert sidan 2011 med eigenkomponert musikk, slepp no sitt etterlengta album. Med eit uttrykk som balanserer mellom det muntre og melankolske, er bandets melodiar ofte fylt med ein ukuelig optimisme.
Dei slo gjennom i 2013 med debutsingelen “Sjå fram,” som fekk mykje speletid på riksdekkande NRK P1. To år seinare kom debutalbumet “På god veg,” med den populære låta “Huldra,” som både vart spelt på radio og synt i programmet “Sommarbåten” på NRK1.
Arbeidet med den nye plata starta allereie i 2016, og i 2017 kom singelen “Tilbake,” som fekk skryt frå både Hilde Zahl i “NRK Kveldsåpent” og Kjersti Anderdal Bakken i “Norsk på norsk.” Men livet, pandemien og småbarn gjorde at det tok si tid før albumet vart ferdigstilt.
No, 10 år etter debutalbumet, er Askeladden endeleg klare med ei ny plate som kjem i januar 2024!
Lenkjer til musikk:
https://open.spotify.com/artist/3LbJZ6clKeJBqjnTX4BIaD?si=hlrypaukRUGDnugruWIVNg
Lenkjer til videoar:
Aske Ladden - YouTube