ANITA NORDHEIM BLUES N’ GROOVE COMPANY

Arrangementsinformasjon

Anita Nordheim Blues n’ Groove Company spelar blues- og groovemusikk slik den er meint å bli spelt. Rått, med følelse, og utan noko juggel. Ein groovy miks av eige materiale og sjelfulle klassikarar.


Bandet starta som ein hyllest til nokre av dei mest særprega kvinnelege artistane i musikkhistoria, men prosjektet utvikla seg raskt til å bli noko meir.

Etter ein solid start med klubbkonsertar og festivaljobbar gjekk det bergensbaserte blues- og groovebandet våren 2020 i studio og spelte inn musikk signert gruppa sine to låtskrivarar Anita Nordheim og Tore Kvalvik. No slepp bandet nye songar fortløpande. Sjekk dei ut der du streamar din musikk!

Dette er ekte saker! Her finst det ingen effektar eller staffasje, berre rein, rå speleglede. Anita Nordheim Blues n’ Groove Company har motteke svært gode omtalar mellom anna i Bluesnews.

Bandet stiller med blåserekke på konserten som består av:

Hans Marius Andersen- trompet
Håvar Skaugen – tenorsaksofon
Anita Nordheim – vokal og saksofonar
Tore Kvalvik – gitar
Peter Sæverud – bass
Mikael Chauvet Jørgensen – trommer