Help
© TicketCo AS 2025.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Nei, nei, nei!
Diktaren Hjørnevik og den glade trubadur Dagfinn Iversen er tilbake på Madam Felle.
👉 Husk å bestille bord for best opplevelse
Etter å blitt tekne i doping var dei utstengde frå scenen, av Statens Dikttilsyn, i 2024.
No er forfattaren, komikaren og diktaren Jon Hjørnevik alt her igjen.
Som alltid med Dagfinn Iversen og gitaren hans på slep.
Atter vert det det gamle gode skitet og nokre nye svisker.
Erotiske tanter, skakk joik, fulle pelsdyrkonsulentar, Sverre med fingen, eit lass med purreløk, Ålesund rundbrennarlag og farleg bruk av solarium. Og Den første kjeft eg høyra fekk og Eg vil elska i retning heimstaden min.
Billettar i sal. Kjøp og kom til sjølvaste Madam Felle.
Ta med slekt og uvener.